Fagfellevurdert undervisning og kollegarettleiing i høgare utdanning. Frå modell til gjennomføring
Peer reviewed, Journal article
Published version

View/ Open
Date
2020Metadata
Show full item recordCollections
Abstract
Det er ifølgje stortingsmeldinga om kultur for kvalitet i høgare utdanning (Kunnskapsdepartementet, 2017) ei forventning om at institusjonane i høgare utdanning får på plass system for kollegarettleiing og fagfellevurdert undervisning. Føremålet med denne scoping reviewen er å skaffe oversikt over litteratur som beskriv modellar som finst for gjennomføring av fagfellevurdert undervisning, samt peike på deira fordelar, ulemper og hindringar. Deretter argumenterer vi for ein utvald modell som eignar seg i høgare utdanning. Scoping reviewen er utført ved hjelp av ein femstegsmodell frå Arksey og O´Malley (2005). Resultata indikerer at det er den kollegabaserte modellen for fagfellevurdert undervisning som er best eigna for høgare utdanning. Modellen må tilpassast den institusjonen der han skal nyttast. Modellen må vere fleksibel, frivillig og utviklast frå eit såkalla nedanifrå-og-opp-perspektiv dersom ein skal lukkast med å halde rettleiinga oppe over tid. Lukkast ein med det perspektivet, er kollegarettleiing og fagfellevurdert undervisning ein eigna strategi for å jobba med å forbetre undervisning i høgare utdanning. According to Report No. 16 (2016–2017), Quality Culture in Higher Education, there is a demand for implementing a system of peer review of teaching and peer mentoring in higher education. The aim of this scoping review is to draw an overview of literature describing existing models of how to perform peer mentoring, whilst pointing to their advantages, disadvantages and challenges. Furthermore, we will argue for a specific model best suited in higher education. This scoping review is performed through a model of five stages, designed by Arksey and O’Malley (2005). The results indicate that peer mentoring combined with a colleague approach is best suited for higher education. In order to succeed with the model over time, it must be adapted to the institution, as well as being flexible, voluntary and developed from a down-and-up-perspective. When implemented correctly, peer review of teaching and peer mentoring is an appropriate strategy for improving teaching in higher education.