Om verbplassering og verbmorfologi i amerikanorsk
Journal article, Peer reviewed
Published version
View/ Open
Date
2018Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Maal og Minne. 2018, 110 (1), 25-70.Abstract
Denne artikkelen undersøker tilhøvet mellom verbbøying og ordstilling i ein språkkontaktsituasjon der norsk er det eine språket og engelsk det andre. Meir spesifikt er datatilfanget henta frå fleire datasett med opptak av norskamerikanarar i den amerikanske Midtvesten, og opptaka spenner over 70 år og tre generasjonar. Dette gir høve til å studere korleis denne kontaktvarieteten endrar seg over tid med omsyn til dei fenomena som er tema i artikkelen. Artikkelen er slik eit bidrag til eit område av norsken som er lite utforska, men han tar òg mål av seg til å kaste lys over meir generelle problemstillingar innanfor språkkontakt, tospråklegheit, og den formalteoretisk retta lingvistikken under den retninga som vert omtala som “biolingvistikk”. Utgangspunktet vårt i denne artikkelen vil særleg vere å sjå på språkkontakt som eit mentalt fenomen, der kontakten primært skjer i sinnet til språkbrukaren. The study reported in this paper investigates the relationship between verbal inflectional paradigms and the robustness of the verb second rule (V2) in Norwegian dialects spoken in the American Midwest. The data come from five sets of recordings of informants speaking Norwegian as a heritage language. The recordings were made at three different times: 1940s, 1990s and 2010s. These data sets enable us to examine historical developments in the community’s heritage language with regard to inflection, word order and the potential relationship between the two. By using data from heritage speakers, our study also aims to shed light on what happens to the V2 rule(s) in a contact situation where the heritage language (here Norwegian) posits the V2 rule categorically and the dominant language (here American English, AmE) does not. Essentially, this paper considers language contact as a mental, more than a social, phenomenon.