Forsking på barn og ungdoms tekstar og tekstpraksisar på fritida, med eit nordisk fokus
Peer reviewed, Journal article
Published version
View/ Open
Date
2020Metadata
Show full item recordCollections
Abstract
Denne artikkelen gjev oversikt over nordisk forsking på barn og ungdoms tekstar og tekstpraksisar på fritida dei siste tjue åra (2000–2019). I denne perioden har vilkåra for barns deltaking i ulike tekstkulturar endra seg som følgje av den teknologiske utviklinga, og artikkelen strekar dermed opp eit forholdsvis nytt forskingsfelt, der særleg barns deltaking i digitale og multimodale tekstar og tekstpraksisar vert tematisert. Føremålet med den systematiske reviewen er å finna ut kva som kjenneteiknar den nordiske forskinga på feltet teoretisk, metodisk og empirisk. Forskinga vi har funne, dreg i stor grad vekslar på sosiokulturell læringsteori og new literacy studies, og observasjon, intervju og tekstsanalysar er metodar som vert hyppig nytta. Samla sett gir den nordiske forskinga eit ganske tydeleg bilete av kva barn og unge brukar lesing og skriving til på fritida, korleis barn og unge skaffar seg teksterfaringar, kva område dei frivillige tekstpraksisane er knytte til og kven barn og unge kommuniserer med, men ny forsking bør blant anna supplera den eksisterande forskinga ved å undersøkja deltaking i tekstpraksisar på tvers av kontekstar, på tvers av medium og over lengre tid. This article gives an overview of Nordic research on children’s and youth’s texts and literacy practices out of school for the last twenty years (2000–2019). During this period the conditions for children’s participation in various text cultures have changed as a result of technological development, and thus the article highlights a relatively new research field, where especially children and youth’s participation in digital and multimodal texts and text practices is explored. The aim of this systematical review is to find out what defines the Nordic research in the field, theoretically, methodologically and empirically. The research is to a large extent rooted in socio-cultural learning theories and New Literacy Studies, and relies primarily on observation, interviews and text analyses. The research gives an overall picture of what young people in the Nordic countries use reading and writing for out of school, how they get textual experiences, what spheres of life the out of school text practices are related to and who children and youth communicate with. New research can supplement the existing by exploring participation in text practices across contexts and media and for longer periods of time.